Start

Dreiaren

Galleri 1

Galleri 2

Galleri 2.1

Galleri 3

Teknikk

Kontakt

                     Teknikk

Emne. Eg dreiar berre i ved tresortar som har vakse på norsk jord. Det kan vera frå skogstre, frukttre eller andre hagetre som vert hogge ned. Til no så har eg hatt rikeleg med tilgang på emner og difor har eg lete ein del tresortar liggja ute for at dei skal verta farga av sopp .

Soppartane lever av enkle karbohydrat i cellen. Fyrst kjem soppartar som fargar veden, seinare sopp som angrip litt av veden. Til slutt kjem det  vednedbrytande soppar som spaltar cellulose og lignin og då vert styrken til veden for liten til at det er brukbart til dreieemne-emner.

Sopp trivst best når temperaturen er mellom 10o C og 32o C og vassinnhaldet er mellom 30 og 100 prosent. Barken må vera på dersom du skal farga stokken med sopp. Det som er vanskelegast er å fastsetja kva tid ein skal ta inn stokken for å skjera den til emne. Det er  mange faktorar som spelar inn, - tresorten,  kva tid på året treet er hogge ned, temperatur og fuktighet, så det vert ikkje alltid like bra resultat.

 

 

Grovdreiing. Dei fleste skålene eg lagar, er grovdreia i rå ved. På den måten kan eg få teke bort mesteparten av det fuktige i veden slik at tørkinga skjer på kortare tid. Under grovdreiinga tek eg avgjerd om korleis skålene skal formast. Det kan bli skåler med dreia kant, skåler der den naturlege kanten under barken er den øverste del av skåla, eller produkt der bark-kanten viser.

Dreia kant. Det har lett for å danna seg tørkesprekker i nærleiken av margen. Eg kløyver difor emnet etter margen slik at eg fjernar den før eg dreiar emnet rundt og lagar til feste for kjoksen, enten utvedig eller innvendig oppspenning. Neste steg er å snu emnet, festa det i kjoksen og dreia ut den innvendige delen slik at berre veggen vert ståande att.

Naturleg kant eller Bark-kant. Her ”snur” eg emnet slik at eg lagar kjoksfestet i den delen som vender inn mot margen Her må eg ofte snu litt på emnet mellom medbringer i den eine enden og den roterende senterspissen i den andre enden. På den måten kan eg få avbalansert emnet eller gje det den forma som eg er ute etter.  

Om ein vil laga skål med naturleg kant eller bark-kant krev m.a. at ein vurderer kva tid på året treet er hogge og kor lenge det har lege før ein dreiar.

 

 

Tørking. Når ein grovdreiar rå emner, må ein tørka tinga etterpå. Det er fleire måtar å gå fram på, ein kan bruka regulert kunstig tørke, ein kan la dei grovdreia emna liggja å tørka i eit rom og seinare flytta dei over i eit anna rom som er oppvarma, eller ein kan bruka mikrobølgeovn på mindre ting.  

Eg brukar å la emna liggja å tørka over lang tid i eit rom. Sidan flyttar eg emna over til eit rom med oppvarming og luftavfukter. Eg held kontroll med vekta av dei grovdreia tinga og noterar temperatur og relativ fuktighet i lufta slik at eg kan rekna ut når treet er tørt.

Tre krympar ved tørking. Det er forskjell på  krymping langs med vekstretningen, den radiale krympinga og den tangentiale krympinga. Dette medfører spenninger og vridning av trevirket, noko som ofte fører til sprekkdannelser eller at emnene vrir seg så mykje at dei ikkje er brukande. 

Den tangentiale krympinga er størst og kan for  dei forskjellige tresortane variere frå fem til tolv prosent, den radiale krympinga er i gjennomsnitt halvparten så stor og lengdekrympinga er under ein halv prosent

Veggtykkelse. Dette betyr at ein når ein grovdreiar emnet så må ein ha så tjukk vegg at det tørka emnet etter at det har vridd seg framleis er brukande, men på den andre sida så vil ein tjukk vegg medføra at det går lengre tid før tørkinga har stabilisert seg. 

Når ein tørkar tre og arbeider under fibermetningspunktet så forandrar fuktigheten seg ved diffusjon i veden. Dette betyr at om ein aukar veggtykkelsen med ein faktor på 2 så aukar tørketida med ein faktor på 4.  Ein må ta omsyn til om tørkinga skjer langs med  vedcellene, eller om det er på tvers av cellene (endeved – langved). Diffusjonen gjennom endeved er 10 gonger raskare enn gjennom langved. For å få ei jamn tørking av ei grovdreia skål bør ein difor tetta endeveden slik at diffusjonen denne vegen vert redusert.

Tørt emne? Når en høgg ned treet så kan vassinnhaldet vera over 100% av absolutt tørt trevirke, når alt det frie vatnet er borte har ein kome ned til fibermetningspunktet som ligg mellom 28 % og 32 %. Til bygningsmateriale tørkar ein ned til ca 12 %, men inni oppvarma rom er gjerne trefuktigheta nede i 6 %. Likevektsfuktighet er den fuktighet trevirket vil innstilla seg på dersom treet vert lagra i eit rom med bestemt temperatur og relativ fuktighet over lengre tid. Det er utarbeidd ein generell formel slik at når ein kjenner lufta sin temperatur og relativ fuktighet så kan ein rekna ut likevektsfuktigheta i treet.

 

 
 
 
 

Findreiing. Når det grovdreia emnet er tørka er det tid for å spenne det opp i dreiebenken igjen. Det er viktig for å få ei fin overflate at emnet er godt tørt.  Særleg gjeld dette tresortar som er lause i veden. Her vil ein få best resultat om vassinnhaldet i emnet er under 10 %.

Når emnet tørkar så vil det vri seg og det fyrste  ein må gjera er å få det rundt utvendig og når forma er slik som eg vil ha det, så pussar eg. Etterpå gjer eg ferdig innsida før eg avsluttar med pussing.

 

 
 

Farging. Eg legg vekt på å la produkta mine få den fargen som er det naturlege. Men eg nyttar og naturen til å farga emnene mine, eg lar stokkane liggja ute og så vil naturlege soppar angripa.  Dette vert kalla soppfarging og kan skapa dei mest fantastiske mønster i veden, særleg i lauvtreved. Men eg har og arbeidt ein del med vannbaserte, oljebaserte og kjemiske beistypar. Her må eg overflatebehandla etterpå.

Det mest spennande er å tilføra trea farge mens dei står på rot. Då vert det eit fargeskikt i den del av treet som fører væske. På den måten kan ein få inn forskjellige fargenyansar. Etter som dei fylgjer årringane så vil det skape mange forskjellige mønster, for eksempel rundt  ein kvist eller feilvokster i treet.

Dette ”forskningsprosjektet” starta eg i 2000. Eg er enno ikkje nøgd med resultata så det vil  verta meir arbeid med nye forsøk, detaljane får eg koma attende til seinare. Den spesielle fargen bind seg til cellulosen i treet ved kovalente og elektrostatiske kjemiske bindingar og er såleis stabil. Eg har hatt farga skåler i bruk i 5 år og fargen står framleis like godt. Etter det eg kjenner til så er eg den einaste i Norge som har farga tre  medan dei står på rot og såleis kan laga slike unike skåler.

Overflatebehandling. På dei fleste av mine ting så  nyttar eg olje. Den olja som eg nyttar no er basert på naturharpikser.  Denne olja  trekkjer godt inn i veden der harpiksane herdar og dannar eit lag som gjer at produkta tåler å brukast, også til lett vasking.

Enkelte ting lakkar eg, men det er helst reint dekorative produkt eller ting som eg har nytta beis, farge eller maling på.